Dette skriver Forsvarsdepartementet i en pressemelding.

Bruun-Hansen kjem frå stillinga som Generalinspektør for Sjøforsvaret, og overtek jobben etter generalløytnant Bernt Iver Ferdinand Brovold.

Kontreadmiral Haakon Stephen Bruun-Hanssen har gjennomført Sjøkrigsskolen, Sjøforsvarets stabsskole I, nederlandsk stabsskole II og totalforsvarskurset til Forsvarets høgskole. Han vart utnemnt til kontreadmiral 1. september 2008.

Bruun-Hanssen har blant anna tenestegjort som skipssjef både på Kobben-klasse og Ula-klasse undervassbåt. Han har vore stabsoffiser ved Utdanningsavdelinga og ved Strategisk plankontor i Forsvarets overkommando/Sjøforsvarsstaben. Etter gjennomført stabsskole i Nederland, tenestegjorde han som studierettleiar og assisterande hovudlærar ved Forsvarets stabsskole. I tida 2003-2006 tenestegjorde han i stillinga som sjef for Sjøoperasjonssenteret ved Forsvarets fellesoperative hovudkvarter. Deretter var han stabssjef i Sjøforsvarsstaben i tida 2006-2008. Han har sidan 1. september 2008 tenestegjort som Generalinspektør for Sjøforsvaret.

Bruun-Hanssen vil overta stillinga som sjef for Forsvarets operative hovudkvarter frå det tidspunktet Forsvarsdepartementet avgjer.