Teksten under er hentet fra regjeringas nettsider. Her får du muligheten til å terpe på nynorskkunnskapene:

– Den kulturelle spaserstokken er ei unik og populær ordning som har blitt ei vesentleg kjelde for å sikre eit profesjonelt kulturtilbod for eldre menneske. Den kulturelle spaserstokken stimulerer til samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren i kommunane slik at eldre får kulturtilbod i nærmiljøet, seier kulturminister Hadia Tajik.

Samla tilskot til kommunane frå Den kulturelle spaserstokken i 2013 utgjer 29,8 millionar kroner, med 14,9 millionar kroner over Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett og 14,9 millionar kroner frå speleoverskotet til Norsk Tipping AS.

Midlane til Den kulturelle spaserstokken blir delte ut etter søknad frå kommunane. Nokre kommunar får midlar til samarbeidsprosjekt som omfattar fleire kommunar. I alt vil 387 av dei totalt 428 kommunane i landet bli dekte av ordninga. Tilskotsbrev blir sendt ut med det første.

Ingen av søkjarane får avslag, men der det manglar rapport vil tilskotet bli halde tilbake og i staden gå til fylkeskommunen.

Frå og med 2014 skal midlane fordelast via fylkeskommunane, basert på kvantitative kriterium etter modell av Den kulturelle skulesekken. Omlegginga inneber mellom anna at areal og talet på personar over 70 år får innverknad på den fylkesvise fordelinga.

Dette får Fosen-kommunene:

Ørland: 62 000 kr

Bjugn: 48 000 kr

Osen: 15 000 kr

Roan: 13 000 kr

Åfjord: 64 000 kr

Rissa: 37 000 kr

Leksvik: 26 000 kr

Kilde: Kulturdepartementet