Kven prioriterar bærekraftige helsetenester i si kommune?

Svært få kommunar er rigga for den demografiske utviklinga vi står ovanfor. Dei manglar helsepersonell, allereie i dag. Det viktigaste kommunane kan gjere no er å prioritere annleis. I staden for å fortsette som før, må innsatsen dreiast.

Innsatsen må balanserast, og kommunane må gjere prioriteringar som sett flest mogleg i stand til å klare seg sjølv. Ein bitteliten andel av helsepersonellet i kommunane er ergoterapeutar, sjølv om vi fremjar meistring og deltaking for alle. Andelen ergoterapeutar må aukast! Dess fleire som kan gjenvinne eller oppretthalde funksjon og mestring, dess ferre treng langvarige eller permanente tenester som institusjonsplass og pleie.

Ergoterapeut-dekninga varierer stort mellom kommunane. I de fleste kommunar ligg det henvisningar på vent, fordi ergoterapeuten(e) har altfor mykje å gjere. Dette kan vere Hansen som treng tilrettelegging slik at han kan gå på toalettet sjølv. Ei anna henvisning kan dreie seg om Pedersen som er utrygg i trappa mellom soverom og kjøkken/stue. Ei tredje henvisning kan gjelde Larsen som har begynnande demens og treng tilrettelegging som forenklar omgivnadane og førebygg vandring. Når desse ikkje får ergoterapi til rett tid, er det dessverre stor moglegheit for at situasjonen forverrar seg og at det settast inn heimetenester eller heimesjukepleie.

Ergoterapeutar fremjar meistring gjennom alt vi gjer, enten det er ved å trene opp funksjon, finne nye måtar å utføre kvardagsaktiviteter på eller ved å tilrettelegge bustaden med tekniske hjelpemiddel eller tilpassing. Alle ynskjer å vere sjølvstendige og klare seg sjølv, men alle har ikkje tilgang på ergoterapeut når dei treng det. Enten fordi kommunen ikkje har ergoterapeut eller fordi det er lang ventetid. Slik kan vi ikkje fortsette, dersom målet er at flest mogleg skal bu trygt heime lengst mogleg. Det målet er det stor politisk einigheit om, men dei konkrete tiltaka manglar.

Det er ganske lett å forstå at det er smartare med kortvarig innsats av ergoterapeut - slik at en person igjen kan klare seg sjølv - enn å sette inn varig pleie eller hjelp. Derfor er det rart at valkampen ikkje synliggjer vilje til å sette i gang prioriteringar som sikrar meir kompetanse som utløyser innbyggarane sine ressursar.

Vi etterlyser tiltaka som faktisk kan skape bærekraft i helse- og velferdstenestene. Korleis er det i di kommune? Kva parti vil sikre at innbyggjarane får ergoterapi til rett tid?

Mariette Elise Gjerde,

Forbundstyremedlem og leiar Region Midt i Norsk Ergoterapeutforbund