Heilt sidan planane om storskala vindkraftutbygging på Fosen vart annonserte tidleg på 2000-talet, har Naturvernforbundet protestert saman med reindriftsutøvarane i området. Me har åtvara om store naturinngrep i særeige kystkulturlandskap, og om samane sine urfolksrettar – men for døve øyre.

Diverre måtte det ein høgsterettsdom til for at Olje- og energidepartementet skulle forstå at dei har trakka langt over streken overfor urfolket vårt. No må regjeringa forstå at det er samane, og ikkje Fosen Vind, som skal bestemma kva konsekvensar dommen skal få. Og samane på Fosen er heilt klare: 6 mil med veg må tilbakeførast og turbinane må ned. Naturvernforbundet krev at regjeringa no respekterer høgsterettsdomen og tilbakefører området i tråd med samene sine krav.

Vår nye olje- og energiminister, Marte Mjøs Persen, har ein stor jobb framfor seg med å bygga opp att tilliten til energimyndigheitene. Det vil ta lang tid og krev store haldningsendringar frå Olje- og energidepartementet, for vindkraftutbyggingane har mange stader skapt djupe sår og brei mistillit. Me håpar og forventar at Mjøs Persen no vil gå i bresjen for å rydda opp.

Fosen-utbyggingane føyer seg inn i ei lang rekke langvarige og opprivande utbyggingssaker der samiske interesser, natur, miljøfaglege råd og folkeleg motstand har blitt sett til side for vindkraftutbygging, som på Sørmarkfjellet og Øyfjellet. At det er staten sjølv ved Statkraft, som er hovudeigar i Fosen Vind, gjer denne saka desto meir graverande. Staten har eit særskilt ansvar for å verna om samane sine urfolksrettar, og det ansvaret har dei svikta i Fosen-saka. Derfor må også næringsdepartementet, som Statkraft er underlagt, koma på banen i denne saka.

Det første regjeringa må gjera er å koma med ei orsaking, utan atterhald, til reindriftssamane for den uretten dei har blitt utsett for på Fosen. Deretter må dei visa at dei forstår det grunnlovsfesta maktfordelingsprinsippet ved å respektera den klinkande klare dommen frå den høgaste domstolen me har i Noreg. Utbyggingsvedtaka for Storheia og Roan vindkraftverk var ugyldige, dermed har ikkje kraftverka konsesjon, og er ulovlege. Alvoret i dette kan ikkje regjeringa tolka seg vekk frå, og for å visa at dei forstår essensen i dommen, er det avgjerande at dei let samane legga premissa for kva konsekvensar dommen skal få – ikkje utbyggarane.

Fosen Vind tok ein enorm sjanse då dei sette i gang med utbyggingane på Storheia og Roan før rettsprosessane med Fosen-samane var over. At vindkraftverka er ferdige og i drift, kan ikkje nyttast som argument for at turbinane skal få verta ståande. Kva signal vil det senda til utbyggarbransjen, at det er lettare å be om tilgjeving enn tillating? At så lenge ein får sprengt fram vegane, øydelagt naturen og reist turbinane, så er konsesjon sikra? Å prøva å omgå dommen og finna ein veg utanom å lytta til samane på Fosen, vil vera ei fallitterklæring. Me trur og håpar Marte Mjøs Persen er klokare enn som så.

Fosen-domen er historisk, og Naturvernforbundet vil gjera vårt for å sikra at den får dei konsekvensane den fortener. På Fosen, men også i andre saker som ligg på olje- og energiministeren sitt bord: Lenger nord på Fosenhalvøya vil Zephyr bygga 30 vindturbinar på Innvordfjellet. Også denne utbygginga vil koma i konflikt med sørsamisk kulturutøving, i tillegg til at inngrepsfri natur med eit rikt artsmangfald og hubrohabitat vil verta øydelagt. Trass i dette gav OED løyve til utbygging i 2018, men NVE gav deretter avslag på utsett byggefrist. Saka ligg no til klagehandsaming hjå OED. I lys av Fosen-domen bør det vera særskilt enkelt for olje- og energiministeren å følga NVE si tilråding og nekta utsett frist. Om regjeringa vil visa at dei har forstått problematikken på Fosen, bør dei gje klar melding om at Fosen-landskapet og Fosen-samane allereie har lidd nok under hovudlaus vindkraftutbygging, og at Innvordfjellet skal få stå urørt.

I Finnmark vil selskapet Grenselandet AS gjera ein stor del av Finnmarksvidda, ved det høgaste fjellet i Aust-Finnmark, Rásttigáisá, om til vindindustriområde. Også dette er midt i eit samisk kulturlandskap med aktiv reindrift. Sametinget har gått imot planane. Rásttigáisá er i tillegg eit av dei største områda me har igjen med samanhengande inngrepsfri natur i Noreg. Om regjeringa vil senda eit signal om at dei har lært av Fosen-domen og frå no av vil ta samiske rettigheiter på større alvor, bør dei snarast oppmoda Grenselandet AS om å trekka utbyggingsplanane om Davvi vindkraftverk.

Høgsterett sin dom i Fosen-saka viser at samane sin rett til kulturutøving ikkje lenger berre kan settast til sides. Å tilbakeføra naturen på Storheia og Roan er kostbart, men det er prisen energimyndigheitene og utbyggarane må betala for overtrampa dei har gjort mot urfolket vårt. Samstundes må me sikra at overgrepa ikkje får halda fram i andre område. Me treng ein ny arealpolitikk i Sápmi, og ein ny respekt for urfolksrettar i Noreg. Fosen er ein god stad å starta.

Synnøve Kvamme, nestleder i Naturvernforbundet Kjell Derås, medlem i Naturvernforbundets sentralstyre Truls Gulowsen, leder i Naturvernforbundet