– Alkohol aukar risikoen for kreft 

Per-Arne Lillebø (leiar) og John Almendingen (styremedlem) i IOGT Region Midt-Norge, har postet dette leserinnlegget til Fosna-Folket.

Illustrasjonsbilde.  Foto: Gorm Kallestad / NTB

Debatt

Alkohol er ei gift som vert nedbroten i levra. Det vert då danna acetaldehyd. Det er eit restprodukt som kan skade celler og genmateriale, og dette aukar risikoen for kreft. All forsking tyder på at det er det totale alkoholkonsumet som er avgjerande for kreftrisikoen. Det er ikkje slik at det er betre å drikke litt alkohol fleire dagar i veka, enn mykje kvar helg. På kreftforeningen.no les vi at det er den totale mengda med alkohol som betyr noko.

Per i dag har vi ikkje kunnskap om ei trygg, nedre grense for eit alkoholinntak utan auka risiko for kreft. Men det er godt dokumentert at kvart ekstra glas aukar risikoen for å utvikle kreft.

Det anerkjente tidsskriftet British Medical Journal publiserte i 2015 ein studie der dei har gått gjennom helsedata frå 100 000 amerikanarar for å sjå samanhengen mellom alkohol og kreft. Funna viser samanhengar som fagmiljøa kjente frå før, nemleg at alkoholbruk aukar risikoen for kreft. Tidlegare var dette ei sanning som var kobla til stordrikkarar. Det som er spesielt med den nye studien, er at den påviser auka kreftrisiko og blant dei som har noko lågare alkoholforbruk. Det er derfor best å la vere å drikke alkohol.

På grunn av fysiologiske og hormonelle skilnader mellom kjønna er det i samband med alkoholinntak høgare helserisiko for kvinner enn for menn. Kvinnekroppen er oftast mindre, og fettprosenten er høgare enn hos menn. Kvinner har og omlag 10 prosent mindre vatn i kroppen. Det gjev høgare alkoholkonsentrasjon i blodet av same mengde alkohol samanlikna med menn. Kvinner har og andre hormonsystem enn menn, noko som påverkar nedbrytinga av alkohol.

Når ein snakkar om alkohol-mengde, er det ofte snakk om «alkoholeining».

Ei alkoholeining er ein drikk som inneheld 12 gram alkohol. Ei alkoholeining er til dømes:

Ei flaske (33 cl) pils med alkoholprosent 4,5

Eit lite glas vin (12,5 cl) med alkoholprosent 12

Eit lite glas brennevin (4 cl) med alkoholprosent 40

Ifølgje kreftforeningen.no aukar alkohol risikoen for fleire kreftformer:

* Kvinner som drikk alkohol dagleg, og som jamt drikk meir enn ein alkoholeining per dag, har auka risiko for å få brystkreft.

* Både kvinner og menn har auka risiko for å få kreft i tjukk- og endetarm dersom dei dagleg drikk ein eller to alkoholeiningar.

*Eit regelmessig og høgt alkoholforbruk gjev auka risiko for kreft i lever, munn, svelg, strupe og spiserør.

Per-Arne Lillebø (leiar) og John Almendingen (styremedlem), IOGT Region Midt-Norge