«Håper på edruelege kommunestyre!»

Per-Arne Lillebø og John Almendingen i IOGT Midt-Norge skriver i dette leserinnlegget at det først og fremst er et kommunalt ansvar å håndtere alkoholloven på en måte som gjør at alkoholkonsumet reduseres.

Illustrasjonsbilde av en skål. Forfatterne av dette leserinnlegget mener at det ikke er uoppnåelig å nå målet om å redusere alkoholforbruket med 10 prosent innen 2025.  Foto: Gorm Kallestad, NTB scanpix

Debatt

Håper på edruelege kommunestyre!

Kommunevalet er over, og det er valt nytt mannskap som skal styre kommunane dei neste fire åra. Vi i den førebyggande organisasjonen IOGT meiner at ei av dei viktigaste oppgåvene til dei folkevalte er å sikre gode lokalsamfunn med friske innbyggarar. Det betyr mellom anna at det er lett å ta sunne val.

God folkehelsepolitikk betyr å prioritere gode ruspolitiske vedtak. Norge har slutta seg til Verdas Helseorganisasjon (WHO), si målsetting om at vi skal redusere det skadelege alkoholkonsumet med minst 10 prosent innan 2025. Målet er stadfesta i ulike styringsdokument, mellom anna i Folkehelsemeldinga frå 2016. 

WHO sitt sterke fokus på alkohol er ikkje utan grunn. Ikkje nokon enkeltfaktor har større innverknad på folkehelsa og det gode liv enn befolkninga sitt forbruk av alkohol. Eit moderat alkoholforbruk, eller å la vere å bruke alkohol, er viktig for egen helse fordi alkohol er ein risikofaktor for mellom anna  hjarte- og karsjukdomar, kreft og leversjukdomar. Men endå viktigare er kanskje den sosiale risikoen med tanke på skadar på tredjepart. Meir enn halvparten av alkoholskadane råkar andre enn brukaren sjølv. Det kan vere vold, trafikkulykker, fosterskader, trusler, sjikane, ordensuro og fysiske og psykiske skader på pårørande og andre.

Det er beklageleg at vi i Norge ikkje har klart å snu ein trend med aukande alkoholkonsum. Målet om ein reduksjon på 10 prosent er ikkje uoppnåeleg, men kan ikkje oppnåast utan målretta tiltak. Praktiseringa av alkohollova er i stor grad eit kommunalt ansvar. Det er kommunen, som innanfor ramma av det Stortinget har bestemt, fastset reglar for skjenketider, og som gjev skjenkeløyve m.m.

Kommunane skal ha ein ruspolitisk handlingsplan som er vedteken av kommunestyret. Ein god ruspolitisk handlingsplan skal ikkje vere avgrensa til tal på skjenkeløyve, stengetider og kontroll, men og løfte fram dei gode førebyggande tiltaka som  er med på å skape trygge og gode lokalsamfunn.

Det er kommunestyra som bestemmer kor lett tilgang det skal vere til alkohol i eigen kommune, og tilgangen er sjølve nøkkelfaktoren til alkoholkonsumet i eit samfunn. Det betyr at det først og fremst er eit kommunalt ansvar å handheve alkohollova på ein slik måte at målsettinga om 10 % reduksjon blir oppnådd. Vi håper dei nyvalte kommunestyra tek dette ansvaret på alvor, og slik er med på å betre folkehelsa og det gode liv for alle.


For IOGT Region Midt-Norge,

Per-Arne Lillebø, regionleiar og John  Almendingen, styremedlem