«På tide at Trønderenergi set på bremsane og avsluttar planane om vindkraft i Trøndelag»

«Kva driv Trønderenergi med?», setter Magne Vågsland og Mads Løkeland i Naturvernforbundet i Trøndelag spørsmåltegn ved i dette leserinnlegget.

Illustrasjonsbilde.  Foto: Terje Dybvik

Debatt

2015 sendte Naturvernforbundet i ST brev til eigarane av Trønderenergi og bad dei ta affære. Vi påviste at selskapet systematisk braut nasjonale retningsliner for lokalisering av vindkraft.  Anlegga vart plasserte i viktige naturområde, med store tap av inngrepsfri natur.

Vi vart ikkje høyrd i 2015, men i dag har det folkelege opprøret mot nedbygging av natur med vindkraft fått mange til å tenkje seg om. Vindkraftverk er industrianlegg med store inngrep og stor aktivitet. Dei er tapte eller svekka leveområde for mange artar, samtidig som Noreg har forplikta seg til å stanse tapet av artar innan 2020, eit krav som vart forsterka i FNs tusenårsmål, og ikkje minste i den nye rapporten frå FNs naturpanel. Anlegga gir også  store inngrep i allemannsretten og friluftslivet. Er det greitt for Trønderenergi å bli sett på som eit av dei store trugsmåla mot trøndersk natur? Det blir ikkje betre når Trønderenergi gjerne går saman med utanlandske investorar, som på landsbasis eig 80% av vindkraftanlegga.

Statkraft trekker seg ut av vindkraft på land, og er engsteleg for omdømmet til kraftbransjen. Konserndirektør for vind og sol i Statkraft, Steinar Bysveen seier det slik: «Vi bygger ikke ut norsk natur for eksport». I Trondheim bystyre vart det uttrykt slik; «Som medeier er ordføreren bekymret for Trønderenergis omdømme i disse sakene.» (Teknisk Ukeblad 30.04)

Sveitsiske investorar går tungt inn i norske vindkraftanlegg, men held seg langt unna kortreist vindkraft i Sveits. Heile Sveits produserte i 2018 ikkje meir vindkraft enn det som anlegget på Smøla gjorde på eit halvt år. Er Alpane meir verd enn norsk natur, som gratis blir bygget ned for eksport?

Trønderenergi argumenterer med underskot på kraft i Midt Noreg, men  kva er problemet?  Statnett seier: «God energisikkerhet i Midt-Norge i overskuelig framtid, selv ved en betydelig vekst i forbruket». Kva med Oslo og Akershus – stort underskot, men ingen har hittil kravd å fylle Oslomarka med turbinar.

På tide at Trønderenergi set på bremsane og avsluttar planane om vindkraft i Trøndelag, inkludert Frøya, Sørmarkfjellet, Hundhammaren og Stokkfjellet. På tide at eigarane av Trønderenergi tek ansvar for trøndersk natur og ber selskapet trekke seg ut. Lovverket gir kommunane rett til å gjera om gamle vedtak når grunnlaget eller vurderinga er endra. Dette er ein del av norsk demokrati, og folk i Trøndelag er i sin fulle demokratiske rett til å påverke politiske vedtak.


Magne Vågsland og Mads Løkeland
Naturvernforbundet i Trøndelag