Nekrolog

«No er han borte. Han lærte oss det viktigaste i livet - at det er viktigast å væra ilag og ha det fint»

Asbjørn Myran fra Stjørna i Indre Fosen gikk bort den 28. februar i år.

Asbjørn Myran. 

Debatt

Asbjørn Myran forlot oss den 28.02.2019.

Han vart født 0701.1926 i Råkvåg, der han levde heile sitt liv.

Asbjørn hadde ei funksjonshemming som han var født med.

Å væra funksjonshemma i den tida Asbjørn var ung var ikkje lett. Den som har levd  ei stund veit at den tids holdningar til folk som ikkje var som andre er ganske annleis enn i dag.

På tross av dette kjempa Asbjørn for eit liv som ikkje skulle væra annleis enn  det livet funksjonsfriske hadde. Dette var mange tiår før velferdstaten var innført i Norge, med folketrygd og rettigheiter for funskjonshemma.

Han var ein av fire søsken i ein liten fiskarheim inni Nordfjorden, innerst i Stjørnfjorden.

Han laga  eigne hjelpemidler for å betre funksjonaliteten sin. Dette var lenge før dei offentlige hjelpemiddelsentralane kom og letta forholda for funskjonshemma.

Eksempler på dette er at han laga seg ein innretning som gjorde at han kunne skifte lyspærer i  taket, ei anna innretning som gjorde at han kunne kneppe skjorteknappane sine sjøl,eit handtak på telefonen slik at han slapp å holde røret i handa når han snakka.

Skiløpar var han og, var med på hytteturer langt innover Fosenfjella med venner.

Da brukte han berre ein skistav. Han rente ikkje så fort,men kom fram likevel.


Asbjørn kjøpte seg bil ein gong på tidleg syttital. Det forteljest at han fekk råd av sjåførskolen at han måtte skaffe seg bil som var utstyrt for handikappa folk.

Da vart han sint og skifta sjåførskole. Han skaffa seg førarkort på vanlig måte og var bilførar heilt til han var langt oppi åttiåra. Bilen var friheit for han, som han brukte ofte. Han skaffe seg ny bil tredje/fjerdekvart år. Så det sto ikkje på utstyret!

Han hadde eiget trearbeidsverksted inni Nordfjorden.  Der produserte han kjøkeninnreidingar,stoler og dører. Ja alt som kunne behovast i eit hus. Dette var før masseproduksjonen sin tid av slikt utstyr. Han var svært etterspurt  for produkta sine. Om det ikkje gjekk så fort så visste folk at det  dei bestilte kom. Vidare laga han heimlaga hjelpemidler slik at han kunne handtere bandsaga,høvler og anna reidskap i arbeidet.

Han laga vindauger til hytter og hus, nøyaktig som få kunne det.

Han bygde og ein speedbåt på rundt tyve fot ein gong på sekstitalet. Den suste han rundt inni Stjørnfjorden med i stor fart. Det var lenge før slike båtar var vanlige.

Den første speedbåten i Stjørnfjorden med Asbjørn ved rattet!

Asbjørn var ein sosial kar som likte seg godt ilag med barn og ungdom. Han var venn av fleire familier i bygda og ungane var svært glade i han.

Når det var helgefest var alltid Asbjørn med på festen. Han baud opp damene til dans og var med som alle andre. Asbjørn kom og fann seg ein stol der han hadde god utsikt til festen. Og ungdommar kom og satte seg ned ved han. Der Asbjørn  satt var det liv og røre.

Dataalderen gjekk han med liv og lyst inn i vel åtti år gammel. Bærbar pc tok han med seg på aldersheimen da han flytta inn der for rundt fem år sidan.

Sosialt var han svært trivelig og lett å væra ilag med.  Og hadde ein fantastisk replikk! Han såg alltid samfunnet nedanfrå og kunne ha ein skarp replikk i samfunnspørsmål.

Ein skikkelig humorist var han og. Han må ha bestemt seg for å sjå lyst på livet- på tross av at han alltid måtte starte med eit handikap i forhold til andre.

No er han borte. Han lærte oss det viktigaste i livet- at det er viktigast å væra ilag og ha det fint.

Roar Børø

Geir Småvik