Debatt

«Det er knapt noko politisk parti som har hatt så mange kreative runder i politikken»

Roar Børø har skrevet et leserinnlegg om Fremskrittspartiet og norsk politikk.

Anders Lange, partileder i Anders Langes parti, i partilederdebatten i NRK under stortingsvalget 1973. Han røyker pipe og drikker eggelikør.   Foto: NTB / SCANPIX

Debatt

Den siste tida har NRK nyheiter avslørt at Frp sin stortingsrepresentant Helge Andre Njåstad har utført særs kreativ praksis på utfylling av reiserekningar.

Da han blir konfrontert med dette slår han tilbake og forsvarer sin eigen praksis.

Han meiner at han på kvar tur det er snakk om hadde politiske samtalar om både plan og bygningsloven og meire til. Sjøl om slekta hans var til stades og det var skjærtorsdagen midt i påskeveka på dr.Holms hotell på Geilo. Slikt sendte han og rekning til stortinget for.

Ikkje eingong sjefen hans for partigruppa  på stortinget HA Limi  sin forsiktige anmodning om etterrettligheit  med reiserekningar gjer inntrykk på Njåstad.Han  kjører løpet fullt ut og meiner han gjer alt etter boka.

Å jobbe i eit tillitsbasert system kan væra ein kunst i seg sjøl. Det krev  at ein av og til spør seg sjøl om kva som er rett eller galt når ein skriv reiserekningar. Ikkje minst om ein skal bruke penn eller gaffel når ein skriv.

Å dyrke jorda på begge sider har felt mange som har  mista oversikten over dagane sine når reknskapet skal gjerast opp.

Føljetongen Njåstad er enno ikkje ferdig. Så den som lever får sjå.

Dette får ein til å tenke på Frp som arena for ymse krumspring gjennom åra.

Det er knapt noko politisk parti som har hatt så mange kreative runder i politikken.

Salige Anders Lange kunne knapt ha forestilt seg dette da han starta Partiet til sterk nedsettelse av skatter og avgifter for snart femti år sidan.  Han  spretta egglikørflaska og fekk dette i gang .

Anders Lange var første stortingsmann. Han drakk egglikør frå stortingets talarstol. Til stor begeistring for frispellarane i landet.

Partiet som seinare vart til Fremskrittspartiet med Carl Ivar Hagen som ubestridt leiar i mange år. Hagen ekskluderte og jaga vekk  etter tur dei verste utslaga av  det som vart kalt bygdetullingar og avvikara frå partilinja.

Og strømlinjeforma partiet til regjeringsmakt der dei no sitt trygt. Sjøl om bygdetulleriet held skanse på utsida av regjeringa for å tilfredsstille folkedjupet i partiet.

Nokre av bygdetullingane har vore innafor i regjering og. Sjøl om dei har oppført seg slik at det ikkje var mulig for partileiar Siv Jensen å ha dei innafor.

Der dei etter mykjy støy og bråk vart heimjaga.

Sist haust måtte ein fiskeriminister  avgå da han reiste på ferie til Iran  der han dyrka jorda på begge sider som minister på ferie. Og oppretta kontakter  for seg sjøl i eit framtidig planlagt eksportfirma for fisk.

Sist vår måtte ein justisminister gå heim etter at ho hadde framstilt opposisjonen og regjeringa sitt støtteparti som støttespellara for islamske terroristar.

Det kan sjå ut som dette partiet er befolka med ein annan type politikara enn andre parti. Partiet for folk flest, som dei kaller seg har ein måte å opptre på som folk flest knapt ville vedkjenne seg om vi vart spurte.

Folk flest jobber i kommune eller stat . Eller privat næringsliv der dei blir ansvarliggjort daglig på etterrettligheit og god kollegialitet.

Eit frispellarparti for frispellara som  gjerne vil opptre på sida av etterrettligheita.

Regler som held samfunnet saman ved at folk betaler skatt og hjelper kvarandre kollektivt for å få det heile til å gå rundt høyrer ikkje heime i dette partiet

”There is no such thing as society”- sa salige  britiske statsminister Maggie Thatcher da ho var på topp ein gong på åttitalet.

Om det er valgspråk til Frp i posisjon er mulig. Det kan i alle fall sjåast slik ut på nokre av dei . Både i og utanfor regjering.

Da salige Anders Lange spretta konjakken på syttitalet vakte  det stor begeistring hos mange.

Ein av dei var ein småbrukar  her på denne sida av Trondheimsfjorden.

Han hadde ei grunnleggande haldning  der han meinte at alle skulle klare seg sjøl. Offentlig innblanding i det han og andre bønder og småbrukara heldt på med var han sterk motstandar av. Skatt og andre inngrep var ikkje hans greie. Flesk og kjøtt solgte han helst privat slik at ikkje det offentlige fekk tak i skattekronene.

Da det kom istand statstilskot til dyrking av poteter søkte han aldri på det.

Poteten skulle i jorda utan offentlige inngrep.

Ein skulle klare seg sjøl.Unntaket var dei som kom i naud.

Sjøl risikerte han livet for å hjelpe flyktningar som rømte med livet som innsats frå nazistane sine fangeleira. Og var ein av dei  i Fosen som vart  hedra av Jugoslavias president Tito etter krigen for dette.

Det forteljest at han etter krigen ein gong vart skjønnslikna da han hadde bokført så låg inntekt på gårdsdrifta si. Kommunekasseraren kom ein dag på besøk  med lensmannen på slep og tok pant i hesten hans fordi han handde betalt inn så lite forskottskatt.

Kommunekasseraren var småbrukar som han sjøl og var nødt til å ta slike oppdrag.

Mannen betalte sjølsagt skatten sin når året var til ende.

Julekvelden etter låg  det ei sausteik på trappa til kommunekasseraren. Med ukjent avsendar.

Det var nok samåbrukaren som hadde avlevert steika slik at kommuekasseraren  ikkje skulle væra matlaus i jula.

Frispellarpartiet har djupe  røter i samfunnet vårt. Vi får ha dei lenge.

Roar Børø