Debatt

«Storheia er snart rasert fullstendig. Samene slåss for næringa og kulturen sin»

Roar Børø fra Råkvåg skriver i dette leserinnlegget om vindkraftutbyggingen på Fosen.

Fra utbyggingen av Storheia vindpark.  Foto: Arkiv

Debatt

For ei tid tilbake  var eg ute i Fosenfjella ilag med ein kamerat .

Han er ein  av reinsamane på Fosen. Ein av dei som i desse dagar slåss hardt mot vindkraftutbygginga på Storheia.

Det var sein vinter enno i dei siste dagane av april. I dalane var det meir enn ein meter snø i skogen,oppi fjellet hadde det blåst av dei høgaste toppane. Snart var det kalvingstid for reinen her i Fosenfjellet.

Vi hadde reira oss til oppi ein snøskavel høgt oppi fjellbandet. Sola skein som ho berre kan gjera på vårvinteren.

Varmt og fint var det der vi satt og koka kaffe på medbrakt bjørkved.

Nedanfor oss  låg  ein stor sjø. Vi satt nordaust for sjøen oppe i eit digert fjell som omkransa den store isflata under oss.

- Ser du hyttefeltet på austsida av sjøen,sa kompisen min. Om eit par veker flytter vi reinen vår vestover  mot vårbeitet og kalvingslandet. Akkurat der dette hyttefeltet ligg.

Før hyttefeltet kom var det enkelt å runde innsjøen her på veg vestover. No vil reinen gå utanom hyttefeltet. Enten på sørsida av sjøen,eller lenger nord der vi sitt no.Sjøl om trekkvinden seier at den skal  gå rett vestover.

Trur du vi i reindrifta vart rådspurt om plasseringa av hyttene? Hadde vi blitt det skulle hyttene blitt lagt lenger ned mot sjøen.

Men der kjem Fylkesmannens miljøavdeling inn og nekter . Dei skal alltid ha hytter lengst mulig unna sjøen. Fylkesmannens vurdering er  alltid at hytter ikkje skal stenge for allmennheita sin tilgang på vatnet.

På det viset bandlegg hyttene store arealer frå sjøen og opp mot fjellet. Og stenger flyttvegene for reinen vår.

I tillegg skjærer skogsvegar reinlandet over og skaper vansler for reinen sin naturlige bevegelse etter årstidene.

Slik er det overalt i utbyggingsaker. Sjøl om vi i større grad blir ein part i slike saker no enn for nokre tiår sidan.

Men dei store sakene står vi makteslause. Som vindkraftutbyggingane her i Fosen.

Slik er det også  når det gjeld planane om vindkraftverk her i Fosen. Utbyggarane berre kjører på. Vi i reindrifta blir fort små når desse kreftene settes inn.

Vindkraftplanane vart tema for oss  der vi satt.  Dette  uroa kompisen min sterkt.

No skriv vi nyttår 2019.

Europas største vindkraftutbygging er i gang på Fosen.

Lengst nordvest i Åfjord og Roan er det meste av fjell og natur utbygd. Og meir står for tur.

I desse dagar nyss før jul spissa kampen om Storheia seg til da FN sin rasediskriminineringskomite ba Norge stope utbyggiga av Storheia til dei har behandla  saka. Eit organ som Norge er ein del av og har forpliktelser overfor.

Saka slo ned som ei stor nyheit her i Midt-Norge like før jul.

Uventa for utbyggrana som har brukt minst 400 millionar kroner på Storheia fram til no. Og venter å få plassert ut vel 80 vindkraftverk i april neste år.

Store og mindre store entreprenørar er i gang med arbeidet om å ferdigstille den største delen av vindkraftverka på Fosen.

Mens reinsamene i Fosen slåss vidare i rettsalane for å få stoppa det dei ser på som livsgrunnlaget sitt.

Sjefen for Fosenvind uttaler seg til media at dei ikkje er part i saka og vil halde på som før. Han meiner dessutan at vindkraftverk og rein går godt ilag og har lite forståing for samane sitt syn. Kor han no har fått denne innsikten ifrå.

I regjeringskontora i Oslo sitt regjeringsadvokaten og vurderer dei juridiske sidene ved FN sitt ønske om stopp i utbygginga. Signaler derifrå så langt er at dei ikkje er forplikta til å følge FN sitt ønske.

Som det skal væra i eit demokrati er det regjeringa og eventuelt eit stortingsfleirtal som må sette ein foreløpig stoppar  på Storheia. Som  ved ein permanent stopp ville blitt ei av dei største industriskandalene i nyare tid.

Dette bekymrer ikkje kompisen min i reindrifta på Fosen.

Dei har slåss i årevis både rettslig og næringspolitisk imot dette. Og har advart imot at utbyggarane har gått fortare fram enn det kan væra rettslig grunnlag for.

Men samane har allierte. Også i Stortingsalen. Og politikken kan av og til væra såpass lite forutsigbar at  det uventa kan skje. Dei gigantiske vindkraftplanane som ligg framom oss på landsbasis genererer stadig meir motstand etterkvart som folk får augene opp for at dette kan bety rasering av områder som stadig rykker nærare folk.

På Fosen er stemninga i ferd med å snu for stadig fleire. Frå likegyldigheit til at folk får sjå konsekvensane  av åtte mil asfaltert veg som kan ta fram store lastebiler med turbiner. Oppstillingsplasser så store som fotballbaner ved kvar turbin. Fjell sprengt vekk og bergknatter jevna med jorda. Hundre og femti meter høge møller skal opp og omkranse fem hundre meter høge heier og fjell.

Å marknadsføre vindkraft blir stadig vanskeligare for utbyggingskreftene.

Her i Fosen ligg enno store fjellområder i vindkraftutbyggarene sine planer.

Storheia er snart rasert fullstendig. Samene slåss for næringa og kulturen sin. Og treng støtte frå fleire.

Dei har etterkvart fått dei samiske institusjonane med seg. Sjøl om også dei har vore bakpå i starten av kampen for naturen og det sørsamiske folket.

På landsbasis er motstanden aukande. Men utbyggarane har så langt halde seg unna dei mest kontoroversielle områda. Som oftast ligg nær dei områda i  utfarten for dei store byane.

Kva hadde skjedd om Storheia låg på Geilo? Eller  Finse og Oppdal? Områder som også i dag stort sett er utbygd og kommersialisert og på mange vis har mindre verdi naturmessig enn Storheia.

Om villreinen på Hardangervidda var truga ville det ført til stor oppstand.

Men når tamreinen på Fosen mister områda sine er det stort sett stille.

Enno er det tidleg vinter. Reinen går mot vinden som den alltid gjer.

Samene håper på ein vinter utan alt for mykje is på fjellet slik at reinen finn mat å leve av.

Kanskje kan den enno finne Storheia utpå vinteren. Om ikkje anleggsvegane stenger den ute frå seinvintersbeitet.

Når våren kjem vil den finne vårlandet sitt som før.

Skiløpara som har vett til å halde god  avstand til reinen vil igjen sjå flokken gå mot vinden der det beste beitet er.

Roar Børø

Råkvåg

Indre Fosen