Namn: Frank-Arne Andreassen

Bustad: Joenget i Åfjord

Alder: 49 år

Sivilstand: Sambuar

Yrke: Fagrådgjevar i TINE Rådgiving Sør-Trøndelag

- Kva opptar deg for tida?

- Innspurt i høve driftsplanlegging og søknad til Innovasjon Norge for nokre mjølkeprodusentar med større og mindre utbyggingsplanar. I tillegg er det mykje fokus på korleis TINE Rådgiving på best mogleg vis kan bidra med god rådgjeving og gode rådgjevingstilbod til bonden. Dette for at bonden skal kunne drive best mogleg  i høve mellom anna dyrevelferd, miljø, logistikk, kvalitet, kvantitet og ikkje minst i høve total økonomi.

Elles er det ein del arbeid med å ordne ved. Den varmar fleire gongar før den kjem inn i omnen.

- Kvifor bur du der du bur?

- Det starta med jobben i TINE for snart 26 år sida. Etter kvart vart det sambuar og barn. Det vart naturleg å slå seg ned i Åfjord, både i høve jobb-kontor og at sambuaren var frå Åfjord. Det enda med Joenget då vi ville kjøpe oss hus. Vi likar oss veldig godt her.

- Kva er den største idrettsprestasjonen din?

- Eg har faktisk vore med på "Friarrennet". Det starta frå Fagerdal i Brandsfjord med innkomst ved Fjellheim i Steinsdalen. Ikkje så mykje å skryte av, men det var no ein fin skitur.

- Om det skal settast opp ein bauta over nokon i heimbygda di, kven ville du velje?

- Det må bli svigerfar. Han stiller alltid opp når eg ber om gode råd eller ei hjelpande hand

- Om du fekk høve til å invitera ein kjent person frå verdshistoria heim på middag og djup samtale, kven ville du velje?

- Sir Isaac Newton kunne sikkert vært ein spennande person å slå av ein god prat med.

- Kva er ein perfekt dag på Fosen for deg?

- Då ville eg ta ein tur i kjøkkenhagen ein solskinsdag. Kanskje luke litt ugras, plukke litt jordbær eller ei gulrot. Deretter ville eg slå meg ned på hagebenken i lag med sambuaren og ein kopp kaffi.

- Har du nokon gong fått gjennomført nokre av nyttårsforsetta dine?

- Nei, nyttårsforsett er oppskrytte. Det ein ikkje får gjort utan nyttårsforsett, får ein aldri gjort.

- Korleis sjekkar du vêrmeldinga?

- Via Yr på mobilen, men det beste er å vente å sjå korleis det vert.

- Når var siste gongen du gjekk du på ski?

- Det er nok et par år sida.

- Tykkjer du Fosen burde halda seg med ein eigen ulvestamme?

- Det er det absolutt ingen grunn til. Ulv og husdyr går dårleg saman.