Jon Georg Dale framholder blant annet at det er  gjort ei grundig vurdering av den samiske folkegruppa sitt folkerettslige vern og vindkraftverket sin innvirkning for sørgruppa i Fosen reinbeitedistrikt.

– Vil ta initiativ?

Stortingsrepresentant André N. Skjelstad stilte følgende spørsmål for skriftlig svar:

«Vil statsråden ta initiativ til at de sørsamiske reindriftssamene som taper omfattende beiteområder i forbindelse med vindkraftutbyggingen på Fosenhalvøya, får tilgang til andre beiteområder?»

Svaret

Hele svaret fra landbruks- og matministeren er som følger:

«Olje- og energidepartementet gav i klagevedtak av 26. august 2013 konsesjon til mellom anna Storheia vindkraftverk på Fosen. I klagevedtaket vart det gjort ei grundig vurdering av den samiske folkegruppa sitt folkerettslege vern og vindkraftverket si tyding for sørgruppa i Fosen reinbeitedistrikt. Her vart det slege fast at utbygging ikkje var folkerettsstridig, og at utbygginga ikkje var til hinder for vidare rekningssvarande drift.

Det vart gjennomført konsultasjonar mellom sørgruppa i Fosen reinbeitedistrikt og Olje- og energidepartementet førvedtaket om konsesjon. Under desse konsultasjonane foreslo sørgruppa ei rekkje avbøtande tiltak ved ei utbygging av Storheia vindkraftverk.

Olje- og energidepartementet sette fleire av dei tiltaka som vart føreslege av sørgruppa som vilkår for konsesjonen, slik som rydding av flytt- og trekkleier, elektronisk merking av rein og strømforsyning til gjeterhytter. Utbygger skal og finansiere mindre sperregjerde ved dei mest kritiske områda, dersom dette blir funne høveleg i detaljplanlegginga og det blir gitt godkjenning etter reindriftslova.

Reindrifta er vidare meint å bli involvert i arbeidet med miljø-, transport- og anleggsplan for vindkraftverket, som vert vedteke av NVE i etterkant av vedtaket om konsesjon. Slik plan er per i dag ikkje endeleg vedteke av NVE.

Der kor ein planlegg ulike tiltak, må omsynet til dei interessene som vert råka handsamast i ein samla prosess knytt opp mot det aktuelle tiltaket, og etter dei reglane som gjeld for slike tiltak. Dette gjeld òg spørsmålet om eventuelle kompenserande areal.

Med helsing                                                                Jon Georg Dale»