Det er NVE som opplyser om dette. I meldinga som er offentliggjort står følgende å lese om vassdraget, som ligger mellom Haugsdalen og Sørfjorden:

"NVE gjev Osaelva Kraftverk AS løyve til å bygge Osaelva kraftverk i Rissa kommune i Sør-Trøndelag. Vasskraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 13 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 650 husstandar.

Osaelva kraftverk vil etter dei framlagde planane nytte ei fallhøgd på 83,2 m, frå Ytre Osavatn til kraftstasjon ved foten av Fosshaugfossen. Ytre Osavatn skal regulerast med 1,2 m, med HRV (høgaste regulerte vassstand) kote 100,2 og LRV på kote 99,0. Vatnet skal førast i tunnel frå inntaket og heilt ned til kraftstasjonen.

Konsekvensane for allmenne interesser er primært knytt til moglege verknader for anadrom fisk og ål. Det er ein føresetnad for konsesjonen at utbygginga kan gjennomførast på ein slik måte at den ikkje fører til vesentlege negative verknader for desse artane. NVE har difor sett ei rekke avgrensingar for korleis kraftverket kan opererast i driftsfasen. I tillegg er det sett strenge krav til utforming av inntaket, slik at ål skal kunne passere inntaket både på veg ned til havet og ved oppvandring. Med desse føresetnadene meiner NVE at verknadene for anadrom fisk og ål blir små.

Reguleringa av Ytre Osavatn er maksimalt 1,2 m. Likevel er det av ulike grunnar sett grenser for vasstanden frå 1. juni–31. oktober, som gjer at vatnet ikkje kan tappast ned til LRV (lavaste regulerte vasstand) i denne perioden, anna enn dersom det er naudsynt for å oppfylle krav til minstevassføring. Dette gjer at landskapsverknaden av reguleringa vil bli lita og at friluftslivet rundt Ytre Osavatn blir lite påverka.

Redusert vassføring i fossane, og særs i Fosshaugfossen, vil etter dette vere den mest negative konsekvensen ved ei utbygging av Osaelva kraftverk. Bortfall av vassføring i Fosshaugfossen vil vere klart negativt for landskapsopplevinga, og det vil ikkje vere mogleg å pålegge minstevassføring som tek vare på fossen sin verdi som landskapselement i særleg grad. Vi har likevel vurdert at nytten av kraftproduksjonen er større enn ulempa for landskap og friluftsliv ved at Fosshaugfossen i stor grad forsvinn.

NVE si vurdering er at dei samla negative verknadene av utbygginga kan aksepterast sett i forhold til nytten av den forventa kraftproduksjonen i Osaelva kraftverk. På bakgrunn av dette har NVE gjeve løyve til bygging av Osaelva kraftverk og regulering av Ytre Osavatn på nærare fastsette vilkår."